Velkommen til

Hestegarden

Sunnfjord - Vestland

Velkommen til Hestegarden, ein trygg og god plass for både mennesker og dyr. Hestegarden ligg i Sunnfjord kommune, nær Sande. Garden ligg idyllisk og skjerma, med 3 km stølsveg frå tunet og opp til fjellet. 

   GODKJENT INN PÅ TUNET – GÅRD

Kontakt

916 35 460 - Kari Sørvik, Inn på tunet Norge

Kari Sørvik, Inn på tunet Norge

Gårdens adresse: Grøvlebakken 18, 6973 Sande i Sunnfjord

95231971 - Linda Rognø, Daglig leiar

Hestegarden

Hestegarden

www.hestegarden.no

om garden:

Vi har mange hestar; frå små Amerikanske miniatyrhestar, til den store stødige norske Fjordingen vi alle kjenner. I tillegg har vi høner i alle storleikar og fasongar, hundar, kattar, den einhorna geita Martine, kaninar og marsvin. Det er alltid mykje å finne på, og mange som blir glade når du kjem! Vi har ein fin, lys og dekorert stall. Skal vi kose oss litt ekstra fyrer vi opp bål i «Villa Grille Kulla» – uansett årstid og vêr. Vi har og ein stor aktivitetshall for alt frå riding til ballspel, sidan vêret på vestlandet ikkje alltid er på lag med oss.

Linda Rognø bur på Hestegarden og er ansvarlig for drifta. Linda brenn for arbeid med menneske som har litt fleire utfordringar enn dei fleste, og så er ho utruleg glad i dyr. Gjennom tidlegare arbeid innafor helsesektoren og gjennom hest som hobby, har ho mange gongar vore vitne til kor viktig dyr og natur kan vere for mennesker si psykiske og fysiske helse. Dette har vore drivkrafta bak oppstarten av Hestegarden.

Dei tilsette på garden er sosialarbeidar Erika, spesialpedagog Gro-Anita, sjukepleiar og hestefaglært Heidi-Merethe Kvalheim og sjukepleiar Erling. Ein dag i veka kjem også fysioterapeut Hanne til gards for å leie terapiridinga. I tillegg bidreg familien til Linda så godt dei kan. Det er alltid mykje som skal gjerast på ein gard!

inn på tunet tilbod

Tilbod: 

Vi tilbyr aktivitetar og opplevingar der dei daglege gjeremåla på garden er sentrale. Det same er bruk av naturen rundt oss, og ikkje minst dyra på garden. Alle får utfalde seg etter eigne behov og føresetnadar. Det viktigaste er å oppleve meistring, tilhøyring og glede. Tilbodet blir tilpassa kvar enkelt.

Terapiriding. Ein dag i uka har vi i samarbeid med fysioterapeut, terapiriding for pasientar med henvisning frå lege.

Dyreassisterte intervensjonar. Aktivitetar der ulike former for samhandling med dyr vert brukt målretta. Linda har utdanning innan dette feltet.

Skulesektoren. Hestegarden tilbyr ein alternativ skuledag for elevar som av ulike grunnar treng det. Vi har og tilsett spesialpedagog, og gjev tilbod innan almennpedagogikk og spesialpedagogikk.

Arbeidstrening / rehabilitering. Skånsom innføring/tilbakeføring til arbeidslivet gjennom arbeid med meining og kjensle av meistring. Arbeidsavklaring.

Støttekontakt/Avlasting. Stabile godt vaksne tilsette med kompetanse. Tilbodet inkluderar tilpassa aktivitetar.

Du treng ikkje vere glad i hestar for å komme hit. Vi har mykje anna å halde på med og, men vi har enno ikkje treft på nokon som ikkje likar minihestane!

Brosjyre: Gardstreff for glede og samhald 2023

Vi hjelper deg

Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.

    Inn på tunet Norge SA

    Kontakt