Velkommen til

solneset gård

Bergen - Vestland

   GODKJENT INN PÅ TUNET – GÅRD

Tilbud:

Kontakt

Therese Instefjord, Inn på tunet Norge

986 15 390 - Therese Instefjord, Inn på tunet Norge

Frode Bergo Larsen - Solneset gård

907 08 705 - Frode Bergo Larsen

Unnelandsvegen 320, 5268 Haukeland

solnesetgard

www.solnesetgard.no

inn på tunet tilbod

Me på Solneset gård har spesialisert oss på arbeidstrening, attføring, tilbakeføring til samfunnet etter fengsling eller etter opphald på rus-institusjon. Hos oss er da ein mjuk overgong. Skulelei, arbeidsledig, angst, rus, psykiske utfordringar? Arbeid med dyr i rolege, naturskjønne omgjevnadar kan gi ei god utvikling. Ta det første steget ut i arbeidslivet hos oss.

Me tilbyr alternativ læringsarena for skuleelevar (enkeltelev/gruppe).

Arbeid på gard gir variert arbeidspraksis der ein arbeidar med dyr, maskinar, planter, tømrararbeid, mekanisk arbeid, sveising m.m. Her kan ein oppleva meistring, fysisk aktivitet, praktiske oppgåver, samhandling med dyr og mennesker. Da kan også leggjast til rette for teoriundervisning og arbeid med skuleoppgåver på garden. Praktisk retta udnervisning med teori naturleg fletta inn. Skuleklassar kan koma og få gardsopplevelsar som å stella dyr, plukka egg og ri på hest.

Oppgåver skal gjerast på ein trygg og god måte, med veiledning og oppfølging etter behov. Da blir lagt stor vekt på trivsel, samhold, utvikling og fysisk aktivitet.

Me har tid til å hjelpa – «heile mennesker må på plass»

om garden:

Dagens drivar av garden, Frode Bergo Larsen, kjøpte garden i 2014 og har kontinuerleg utvikla gaden slik at den i dag har svært gode fasilitetar både for dyr og mennesker.  Per 2023 er da 4 fast ansette og ein lærling, i sommarsesongen er da 10-15 personar som jobbar på garden.

På garden lever sauer, hestar, ender, høner, kaniner og ein hund. Og da er planar om å ynskja fleire dyr velkomen til gards også. Arbeidstrening og alternativ skulekvardag får ein gjennom arbeidsoppgåver på garden som er praktiske og med stort spenn. Blant anna mekanisk arbeid, sveising, stell av dyr, planter (bær og grønnsaker), skog/ved, grasproduksjon, resepsjon, restaurant, reingjering, turisme/overnatting og vedlikehald- og verkstadsarbeid.

Garden er godkjend lærebedrift i naturbruk med dyrefaget og hestefaget.

Hovedinntektskjelda kjem frå gardsturisme, men også frå sau, jordbær og grønnsaksproduksjon. 

Solneset gård finn du i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og vatn ved fotenden av Gullfjellet i bygda Unneland i Bergen kommune.

Vi hjelper deg

Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.

    Inn på tunet Norge SA

    Kontakt