ipt2-hvit

SOMMERTILBUD hos Der Heima på Helle 2026

Eit gratis tilbod til born og unge i samarbeid med Inn på tunet Norge SA, Bufdir og Kvinesdal kommune

KVEN KVA KVAR

Der heima på Helle bur Silje Merete og Kjell Vidar med sine to born. Dei har bakgrunn som agronom og tømrar.
 
På garden driv dei fyst og fremst med mjølk- og kjøttproduksjon. I tillegg til storfe bur det kattar, høner, kaninar og hund på garden. Alle dyra trenger dagleg tilsyn og stell i tillegg vil dagane fyllast av varierte aktivitetar tilknytta gardsdrift og naturforvaltning. 
 

AKTIVITETAR

  • Stelle dyra på garden
  • Kose med kolver, kaniner, katter og hund
  • Enkel lydighetstrening med hund
  • Plante blomster og arbeide i grønnsakshagen
  • Bygge forhekk og kubekrakker
  • Vere med å sette opp gjerde
  • Lage ost
  • Fiske og sette garn

BLI MED!

Aldersgruppe 4. klasse og oppover: 29. juni-3. juli kl. 9-15
 
Aldersgruppe 1. – 4. klasse: 3-7. august kl. 9-15
 
Bekledning
Kler for å vere ute stort sett heile dagen, badetøy og håndkle.
 
Mat 
Me tilbereder og spiser lunsj sammen. Gje beskjed om allergier.
 
Skyss
Me er behjelpelige med å organisere samkjøring ved behov.
 
Påmelding
Silje Merete Øyslebø mob 907 74 799
 
Gårdens adresse
Vesterdalsvegen 1915, 4480 Kvinesdal

INN PÅ TUNET

INN PÅ TUNET er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk.

Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytte opp til garden, livet og arbeidde der.

Inn på tunet Norge SA er ein profesjonell tenesteleverandør. Bonden som medeigar og tenesteprodusent har eit fagleg fellesskap og nettverk som set kvalitetskrav og leier tenesteutviklinga.

Ein godkjend Inn på tunet-gard har system på kvalitetsarbeidet, kontroll med risiko-/ uvissefaktorane og kan dokumentere forholda på garden. Dokumentasjonane blir brukt aktivt i utviklingsarbeidet.