Hektiske dagar på Løvaas Gard

Inn på tunet Norge SA

Hektiske dagar på Løvaas Gard

DYRERIKT: Det er nok å henge fingrane i på Løvaas gard. Hjortane skal ha mat og det er 10 år gamle Theo gjerne med på.

Av Eli Strand

På Løvaas gard er det eit hektiske liv frå morgon til kveld. Her driv ekteparet Linda og Robert eit aktivt gardsbruk med hjort, ull grisar, høner, katt, katt og hund. Midt i alt dette finn vi tiåringen Theo som får ta aktivt del i gardslivet.
 
Linda og Robert Vørøs Bjørvik har hektiske dagar på garden som ligg i Arna rett utanfor Bergen. Begge er dei aktive i Inn på Tunet men dei driv også næring med fleire tilsette i Arna Jordsortering.
 

-Skulen blir kjedeleg

Linda og Robert har til saman fem barn og har sjølv opplevd at ikkje alle passar inn i den vanlege skulen.
 
-Barn er så forskjellige og vi må innsjå at ikkje alle passar inn i dei vanlege rammene. Vi har sjølv opplevd dette meg eigne barn og derfor er det så fint å kunne ha eit tilbod for barn og unge her på garden. Det er meiningsfullt å få vere med på å gi dei unge ein betre kvardag og moglegheit til å lukkast seinare i livet, seier Linda.
Vi møter tiåringen Theo ein regntung dag på garden. Der lærer han hunden, Alfonso, nye triks og får ta del i stell av gardsarbeidet. Sjølv vil han helst leike med hunden heile dagen men er heller ikkje tung å be når grisene eller hjortane skal matast. Linda passar også på å få inn for eksempel litt matematikk når foret til hjorten skal målast opp.
 
 
 

LÆRING PÅ GARDEN: Det er ikkje berre leik og moro, men også læring på garden. Her snik Linda inn litt matematikk når foret til hjorten skal målast opp.

 
-For Theo kan skulen ofte bli litt kjedeleg, og då er det kjekt for han å kunne vere mest mogleg ute og han har stor glede av dei mange dyra på garden, seier IPT-bonden.

LEIK MED ALFONSO: Å leike med hunden, Alfonso er ein naturleg del av livet på garden.

– Godt med nettverk

For Linda og Robert var det aldri nokon tvil om at dei skulle vere med i Samvirket.
-Eg likar å vere med i eit nettverk der vi kan dele erfaringar. I tillegg har vi Therese Instefjord, som er regionansvarleg i Vestland, som hjelper oss med stort og smått. Eg trur det er bra for både oss og oppdragsgjevarane for oss å ha nokon som tar seg av alt papirarbeidet rundt kontraktar og liknande, seier Linda.
Og det er ingen tvil om at Linda og Robert kan trenge litt hjelp med drifta. For dei er aktive på så mange område og er også involvert i «Framifrå» som er ein samanslutning av bønder som driv med lokalmat. Nyleg deltok dei på Bergen Matfestival og fekk prisen for Årets Lokalmatprodukt. Dei driv også gardsbutikk og nettbutikk med lokale delikatesser.
-Vi har nok å halde på med, men trivest med eit hektisk liv her på familiegarden

EKSOTISK: Det er ikkje så mange som driv med hjort i Noreg. 

se filmen; Hektiske dagar på Løvaas Gard