Nordfjord Gardseventyr
Stad - Vestland
GODKJENT INN PÅ TUNET – GARD
Tilbud:
Kontakt




inn på tunet tilbod
Deltakarane på Nordfjord Gardseventyr får ta del i kvardagen på eit levande gardsbruk med dyr og tradisjonelle gardsaktivitetar. Dyrestell, matlaging, handverk og naturopplevingar er sentrale delar av tilbodet. Det blir lagt til rette for aktivitetar tilpassa den enkelte sitt behov og føresetnader. Målet er at alle som kjem til garden skal oppleve meistring, tryggleik og sosialt fellesskap. Gjennom deltaking i daglege gjeremål og kreative oppgåver får ein utvikle praktiske ferdigheiter og styrka eiga sjølvkjensle.
Tilbodet blir drive av Siri Endal, som er adjunkt med tilleggsutdanning. Ho er også utdanna ride- og køyrelærar frå Norsk Hestafagskole, og har vidareutdanning i dyreassisterte intervensjonar og økologiske skulehagar og berekraftig læring frå NMBU. Med lang og brei erfaring innan tilrettelagde aktivitetar og eit sterkt engasjement for å skape inkluderande møteplassar, legg ho til rette for at garden blir ein arena for utvikling, trivsel og gode opplevingar.
om garden
Nordfjord Gardseventyr held til på Skipenes som ligg vakkert til langs Eidselva, med fine turmoglegheitar i nærområdet. Garden er sentralt plassert, med gangavstand til det meste. Her kan du treffe ulike typar dyr som fjordhest, shetlandsponni, geit, alpakka, høner, kaniner, hund og katt. På garden bur også husbonden Geir Moldestad, som er manuellterapeut, og barna Martinus og Kristina.
Vi hjelper deg
Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.
Kontakt