Der heima på Helle
Kvinesdal kommune - Agder
GODKJENT INN PÅ TUNET – GÅRD
Tilbud:
Kontakt
inn på tunet tilbud
Alle dyra på garden er ein del av inn på tunet-tilbudet. Oppgåver kan bestå i forring, stell og reingjering hos kolvane og kyr. Hos hønene fyller me på med mat og vann i tillegg til reingjering og innsamling av egg. I grønsakhagen kan det haustast og lukast. Det me produserer kan vidare nyttas til måltid eller vidareforedlast til andre produkt som smør, ost, saft og gele.
For dyra som er på utegang må gjerder settast opp, fiksast og vedlikehaldas og gras og ugras må klyppas og lukast. I tillegg til maling av gjerder og bygningar.
Ved vatnet med garden og på hytta er det moglegheit for både bading, fiske, båt- og kanotur. I tillegg til store skogsareal som kan brukas til tur, friluftsliv, hogst og beite.
Garden gir rom for mange ulike kreative aktivitetar og det finns for eksempel mykje verktøy og utstyr for å bygga forskjellige ting med tre.
Tilbodet vil i stor grad tilpassast den enkelte bruker og brukargrupper. Fasilitetane på garden setter få begrensningar når det gjelder å ta imot både barn og vaksne i tilbod der garden brukas som alternativ opplæringsarena, til arbeidstrening,som open møteplass og som ferie- og fritidsaktivitet.
Formålet med opplegget er at deltakarane skal kjenne på meistring, utvikling og trivsel ved å utføra landbruksrelaterte oppgåva i eit inkluderande miljø.
om gÅrden
Der Heima på Helle er ein gard med mjølkeproduksjon og kjøttproduksjon av storfe på Helle i Vesterdalen i Kvinesdal.
Silje Merete er utdanna agronom og har jobba med vann og avløp i kommune. Ho har studert friluftsliv og vore aktiv i Røde Kors Hjelpekorps i mange år. Kjell Vidar er tømrar, byggingeniør og tidlegare prosjektleiar. Han har lang erfaring frå speidaren, er ivrig jeger og deltar aktivt i landbrukspolitikken med sit verv i Bondelaget.
Vi hjelper deg
Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.
Kontakt