ipt2-hvit

Ferieaktivitet på Der Heima på Helle

Eit gratis tilbod til born og unge i samarbeid med Inn på tunet Norge SA, Bufdir og Kvinesdal kommune

KVEN KVA KVAR

Der heima på Helle bur Silje Merete og Kjell Vidar med sine to born. Dei har bakgrunn som agronom og tømrar. På garden driv dei fyst og fremst med mjølk- og kjøttproduksjon. I tillegg til storfe bur det kattar, høner, kaninar og hund på garden. Alle dyra trenger dagleg tilsyn og stell i tillegg vil dagane fyllast av varierte aktivitetar tilknytta gardsdrift og naturforvaltning. I år er grønsakhagen utvida og det blir ekstra spennande å sjå på utviklinga gjennom sommaren og hausten.
 

AKTIVITETAR

  • Stelle dyra på garden
  • Kose med kolver, kaniner, katter og hund
  • Enkel lydighetstrening med hund
  • Plante blomster og arbeide i grønnsakshagen
  • Bygge forhekk og kubekrakker
  • Vere med å sette opp gjerde
  • Lage ost
  • Fiske og sette garn

BLI MED!

Måndag til torsdag i veke 28 og veke 32. Klokka 10-15.
 
Bekledning
Kler etter veret
 
Aldersgruppe 
8+
 
Skyss
Me tilbyr skyss. Dette avtales i kvart enkelt tilfelle i forbindelse med påmelding. 
 
Mat 
Me tilbereder og eter lunsj i lag kvar dag. Gje beskjed om allergier.
 
Påmelding
Det er mulig på melde seg på ein eller fleire dager. 
Påmeging til Silje Merete Øyslebø mob 90 77 47 99 eller epost derheima@outlook.com seinast veka før oppstart.
 
Gårdens adresse
Vesterdalsvegen 1915, 4480 Kvinesdal

INN PÅ TUNET

INN PÅ TUNET er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk.

Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytte opp til garden, livet og arbeidde der.

Inn på tunet Norge SA er ein profesjonell tenesteleverandør. Bonden som medeigar og tenesteprodusent har eit fagleg fellesskap og nettverk som set kvalitetskrav og leier tenesteutviklinga.

Ein godkjend Inn på tunet-gard har system på kvalitetsarbeidet, kontroll med risiko-/ uvissefaktorane og kan dokumentere forholda på garden. Dokumentasjonane blir brukt aktivt i utviklingsarbeidet.

Inn på tunet Norge SA
post@innpatunet.no
www.innpatunet.no