Solstad gård
Hjelmeland - Rogaland
INN PÅ TUNET-GÅRD
Tilbud:
Kontakt
inn på tunet tilbud
På garden får deltakarane følgje det naturlege årshjulet på ein gard, både i forhold til dyrehald og naturen. «Naturen som opplæringsarena» og «Hest i undervisning» er aktivt i bruk som arbeidsverktøy for å nå kompetansemåla for elevane som kjem til garden.
Deltakarane får vera med å følgje året/livet fra lemming til heiaslepp, sanking og slakting på hausten. Deltakarane får vera med å lage produkter av ull og andre naturprodukt som tre og metall. Planting av frø og sommarblomar, hausting av frukt og grønnsaker til bruk i matlaging. Deltakarane får lære seg viktige ferdigheiter innan friluftsliv, som å lage bål, kart og kompass, bruk av telt, orientering i naturen.
Det er Randi som er den frå garden som driv Inn på tunet tilbodet. Ho er utdanna barnevernspedagog og har ein master i spesialpedagogikk. Ho arbeider med både elevar og demensomsorg på garden.
om gÅrden
Solstad gard ligg landleg til på Valheim i Årdal i Ryfylke. Garden har ca 80 vinterfora sauer av rasane Villsau og Svartfjes. For tida har dei 5 hestar av nordiske rasar. Kattar, hund og kaninar er det og. Løa er innreia med stallboksar, 2 gode opphaldsrom, snekkerhjørne og diverse leikeaparater. Dette er ein del av Inn på tunet tilbodet. Her er det fjell og fjord i nærleiken, med ei lakseelv som renn forbi.
Vi hjelper deg
Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.
Kontakt