Velkommen til

Stall Bjørstad

Fjord - Møre og Romsdal

   GODKJENT INN PÅ TUNET-GARD

Tilbud:

Kontakt

Inn på tunet Norge - Leif Kvitvang

900 41 419 - Inn på tunet Norge - Leif Kvitvang

Stall Bjørstad

971 29 798 - Kristin G. Sandnes

Gårdens adresse: Døvingssida 272, 6210 Valldal, Norge

Stall Bjørstad

Stall Bjørstad

www.stallbjorstad.no

inn på tunet tilbod

Stall Bjørstad har tidlegare hatt avtale med Murtunet rehabiliteringssenter om levering av Hesteassistert terapi til deira pasientar frå 2012 til 2017. Du kan lese meir om dette tilbodet på vår heimeside. Vi har i tillegg levert tenster og  grønn omsorg til skuleelevar, psykisk utviklingshemma, menneske med  behov for arbeidstrening, og born og vaksne med lettare psykiske og fysiske plager sidan 2012.

om garden

Sidan 2013 har vi vore godkjent under standarden til Inn på tunet og levert grøn omsorg i tillegg til tonnevis med jordbær. Fokus hos oss er at alle skal bli sett, kjenne på eigne ressursar, og få oppleve meistring ut frå sitt utgangspunkt! Vi vil gi deg som kjem til oss påfyll av livskraft gjennom ekte og nære møter med levande hestekrefter, natur og kultur!

Kristin er eigar og drivar av garden og tilbodet. Ho har mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå NMBU, tilleggsutdanning i coaching og lang erfaring med hesteassistert terapi, riding, temming, køyring og trening av hestar, og som rideinstruktør. Ho er også aktiv konkurranserytter. Mest av alt brenn ho for å dele gleden, kontakten og mestringsfølelsen kontakt med dyr kan gi til unge og gamle, spreke og skrøpelige – det gir god helse og påfyll av livskraft!
Saman med Kristin jobbar Yvonne som har fagbrev i hestefaget og som er ekspert på å gi hestar og folk trygge rammer som legg til rette for mestring.
Frå hausten 2023 får vi også med oss ein ny lærling i hestefaget som vil delta i tilbod og aktivitetarpå garden.  

Stall Bjørstad ligg i Pegarden på Bjørstad i Valldal. Garden har vore i slekta i 18 generasjonar og har gjennom tidene drive mange ulike produksjonar.

 

Brosjyre: Ettermiddagsaktiviteter for barn og unge 2023

Vi hjelper deg

Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.

    Inn på tunet Norge SA

    Kontakt