Velkommen til

Ekrehaugen gard

Stryn - Vestland

Garden Ekrehaugen ligg i Stryn kommune, ca. 15 km frå Stryn sentrum. Garden driv i dag med mjølkeproduksjon og har 17 kyr, kviger og kalvar og ein katt. I tillegg driv vi hytteutleige og skogbruk med sal av ved og tømmer og er i samdrift med hobby birøkting.

   GODKJENT INN PÅ TUNET – GÅRD

Kontakt

916 35 460 - Kari Sørvik, Inn på tunet Norge

Kari Sørvik, Inn på tunet Norge

Gårdens adresse: Rosetvegen 21 6795 Blaksæter

994 79 923 - Marianne Roset

Ekrehaugen gard

Vi på gÅrden:

Marianne og Hans Erik er eigarane av garden og tok over denne i 2020.

Marianne er utdanna lektor i realfag og har tidlegare arbeidd i vidaregåande opplæring. No er ho fulltidsbonde og hovudansvarleg for IPT. Hans- Erik er utdanna innan idrett og fysisk aktivitet og samfunnsfag. Han jobbar i heimetjenesta for psykiatri i Stryn kommune. Saman har dei 3 born, Jakob, Hanna, Vilja.

På garden bur og kårfolket Rune og Jorunn. Dei er begge med i den dageleg drifta av garden.

inn på tunet tilbud

Tilbud: 

På garden kan ein vere med på ulike aktivitetar innan dyrestell, vedlikehald av maskiner og utstyr, skogbruk og andre gardsaktivitetar ut i frå årstidene. I tillegg til gardsaktivitetane har vi snekkerbua, der ein kan lage sine eigne prosjekt, samt moglegheit for kanotur og andre naturopplevingar.

Aktivitetane vert tilpassa den enkelte sine behov, interesser og ressursar. Vi ynskjer at alle som kjem til garden skal oppleve trivsel, læring og meistring.

Vi hjelper deg

Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.

    Inn på tunet Norge SA

    Kontakt