Velkommen til

Indrefjord Gard

Hyllestad - Vestland

   GODKJENT INN PÅ TUNET – GÅRD

Tilbud:

Kontakt

986 15 390 - Therese Instefjord, Inn på tunet Norge

Therese Instefjord, Inn på tunet Norge

Gårdens adresse: Indrefjordvegen 301 6953 Leirvik i sogn

post@indrefjordgard.no

Garden ved Ole-Ivar Sognnes

Ole-Ivar Sognnes 959 43 735

Indrefjord gard

Indrefjord gard

inn på tunet-tilbod

Ole og Ina Sognnes eig og driv Indrefjord Gard. Begge ektefeller er aktive i drifta, og har ofte med jentene våre på ulike arbeidsoppgåver. 

Vårt IPT tilbod har hatt fokus på lokal ungdom som ikkje fungerer i normal skule/arbeidskvardag. Videre framover ynskjer vi utvide tilbodet i samarbeid med Inn på Tunet Norge SA. 

I vårt tilbod har vi lagt til rette for at deltakar/brukar får meiningsfulle arbeidsoppgåver i dagleglivet på garden. Opplegg og arbeidsoppgåver vert tilpassa den einskilde/deltakergruppa for å gi meistring, utvikling og trivsel i kvardagen.  

Vi har fokus på at oppgåvene skal utførast på ein trygg og god måte, veiledning og oppfølging etter behov.  Vår varierte arbeidskvardag kan gi relevant arbeidspraksis for fleire fagfelt, og skape interesse for ulike utdanningsretningar.  

om garden:

Indrefjord Gard ligg idyllisk til lengst aust i Lifjorden, Hyllestad Kommune. 

Ole overtok drifta i 2012. Utdanna agronom, kompetanse innan organisasjon og ledelse. Har vore sjølvstendig næringsdrivande frå 2008. 
Ina kjem frå Bergen. Bakgrunn frå hestemiljøet og har hatt hest “heile livet”. Har erfaring frå administrative oppgåver i privat næringsliv. 

Vi er begge opptekne av norsk matproduksjon, lokalt næringsliv og bulyst. Vi driv tradisjonell mjølk og kjøtproduksjon i ein moderne driftsbygning tatt i bruk 2019/20. Alle dyra er oppstalla i lausdrift, mjølkerobot til kyr.

Vi er godkjent IPT-tilbyder og Godkjent Hestevirksomhet.  
Vi har ca 25 mjølkekyr, totalt ca 90 storfe og pr dags dato 7 hestar av ulik alder, kjønn og rase.  
Vår aktivitet omfatter også ein del anlegg og anleggsgartnertenester gjennom vår Bygdeserviceportefølgje. Vi er godkjent lærebedrift i anlegg og bergfag gjennom OKAB Sogn og Fjordane. 
Hestane våre vert nytta som del av IPT-tilbodet, oppragskøyring, ridetimer og arbeidsoppgåver på garden. 

Vi hjelper deg

Er du interessert i våre tilbud – eller ønsker mer informasjon. Da kan du fylle inn skjemaet nedenfor så tar vi kontakt.

    Inn på tunet Norge SA

    Kontakt